Ledig årsvikariat som rådgjevar til kurs- og studieadministrasjonen

Er du god til å planlegge, er strukturert og oppteken av god kvalitet, kan dette vera stillinga for deg! Som rådgjevar hjå oss, vil du få ein variert arbeidskvardag med eit breitt spekter av administrative oppgåver.

Søk på stillinga her
Søknadsfrist:
13. februar

Nøkkelinformasjon

Stillingstittel:
Rådgjevar
Stillingsform:
Vikariat
Utdanning:
Relevant bachelorgrad innan til dømes organisasjon, leiing, administrasjon eller juridiske fag
Erfaring:
Relevant erfaring frå saks- og klagehandsaming
En dame står og prater med to andre damer. I bakgrunnen ser vi en høy mann.
Foto: iStock SDI Productions
Ansvar og arbeidsoppgåver
  • planlegge, gjennomføre og evaluere det administrative ansvarsområdet for kurs og fagskulestudiet.
  • sakshandsame opptak til kurs og studie.
  • sakshandsame klager.
  • rettleiing i lover og forskrifter.
  • utvikle og kvalitetssikre kurs- og studieadministrative prosessar og prosedyrar.
  • klargjera og utarbeide statistisk materiale.
  • samhandle tett med kollegaer, kundar og samarbeidspartnarar.
Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant bachelorgrad innan til dømes organisasjon, leiing, administrasjon eller juridiske fag. Annan relevant utdanning og arbeidserfaring kan erstatta kravet om bachelorgrad. Utanlandsk utdanning må vera godkjent av NOKUT.
  • relevant erfaring frå saks- og klagehandsaming.
  • god digital kompetanse.
  • god skriftleg og god munnleg formidlingsevne på norsk. 

  
Personlege eigenskapar: 

  • strukturert 
  • gode kommunikasjonsevner 
  • lagspelar
  • initiativrik
  • god gjennomføringsevne

  
Vi ønsker at du har:

  • erfaring med korrekt sakshandsaming etter lovverk.
  • erfaring med å arbeide i digitale system/verktøy som Visma in School, Elements, Samordna opptak.
  • erfaring med administrasjon, prosjektarbeid, kundehandsaming/serviceyrke.
Hjå oss får du
  • årsløn frå kr 509 300-692 400 i stillingskode 1434 rådgjevar eller årsløn frå kr 615 700-845 900 i stillingskode 1364 seniorrådgjevar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan ytterlegare løn vurderast.
  • vera med på eit viktig samfunnsoppdrag.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du svært gode vilkår kring pensjon, forsikring og bustadlån. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no  
  • fleksibel arbeidstid. 
  • høve til å trene i arbeidstida og tilgang på styrkerom og gymsal.
  • matpause inkludert i arbeidstida.
  • tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg.
Om seksjonen og stillinga

Seksjon administrasjon- og verksemdsstyring har ansvar for å levere stabs-, støtte- og servicetenester til skuleleiinga, dei tilsette, elevane og studentane. Stillinga er plassert i Eining kurs- og studieadministrasjon som har ansvar for eit breitt spekter av oppgåver innan kurs- og studieadministrasjon og er navet i organisasjonen. Du vert ein del av eit kollegium på 10, og vil mellom anna sakshandsame opptak til både kurs og studium, medverke til gjennomføring av eksamen og utarbeide analysemateriale. I stillinga vil du samarbeide tett med andre rådgjevarar, leiarar og eksterne aktørar.