Vil du hjelpe Brann- og redningsskulen med å nå ut til målgruppa?

Brann- og redningsskulen lyser ut eit eittårig vikariat som kommunikasjonsrådgjevar. Me ser etter deg som brenn for engasjerande historieforteljing og som likar å jobbe kreativt med formidling. Er du god på sosiale medium, språkkyndig og har noko erfaring frå operativt kommunikasjonsarbeid? Då vil me gjerne høyre frå deg!

Søk stillinga her
Søknadsfrist:
8. august

Nøkkelinformasjon

Stillingstittel:
Rådgiver / seniorrådgiver
Stillingsform:
Vikariat
Utdanning:
Bachelorgrad
Lønnstrinn:
54-73

Brann- og redningsskulen utdannar brann- og redningspersonellet i Noreg. I august opnar skulen offisielt etter nokre år med utbygging. Eit heilt nytt øvingsfelt med undervisningsbygg står klart og studenthyblar er under bygging. Snart yrar det av liv her med 100 studentar og fleire titals kursdeltakar. Det gjev fantastiske høve til å lage engasjerande innhald – vil du hjelpe oss med å nå ut til dei beste? 

To mennesker tar hverandre i hånden sett gjennom et vindu
Foto: iStock/Gradyreese
  • Arbeidsoppgåver
    • lage engasjerande og informativt innhald til sosiale medium-kanalar og heimesida til skulen
    • enkel webpublisering
    • promotering av Brann- og redningsskulen på messer
    • støtte kollegaer med kommunikasjonsfaglege råd og rettleiing
    • andre oppgåver innan kommunikasjonsfaget
  • Kvalifikasjonar

    Du må ha:


    •    bachelorgrad innan relevant fagkrets, til dømes film og foto, journalistikk, PR og kommunikasjon, medievitskap eller retorikk. Relevant arbeidserfaring og anna utdanning kan kompensere for kravet om bachelorgrad
    •    noko erfaring med operativt kommunikasjonsarbeid og strategisk bruk av sosiale medium
    •    svært god norsk skriftleg og munnleg
    •    svært god digital kompetanse

    Personlege eigenskapar


    •    Utviklingsorientert
    •    God gjennomføringsevne
    •    Gode kommunikasjonsevner
    •    Lagspelar
    •    Initiativrik

    Me ønsker at du har:


    •    erfaring med webpublisering og vedlikehald av heimesider
    •    solid erfaring med bruk av sosiale medium som strategisk kanal for bedrifter/organisasjonar

  • Om seksjonen og stillinga

    Seksjon administrasjon- og verksemdsstyring har 23 tilsette med ansvar for verksemdsstyring, økonomi, kurs- og studieadministrasjon, resepsjon, IKT, HR, kommunikasjon, kvalitet og HMS. Seksjonen yter stabstøtte på tvers av verksemda og samarbeider tett med kollegar i seksjonen, på skulen, i DSB og eksterne aktørar. I seksjonen arbeider det to kommunikasjonsrådgjevarar. Ei av dei skal ut i permisjon. Du skal jobbe tett samen med kommunikasjonsrådgjevaren og vera med på å forme og styrke kommunikasjonsarbeidet til skulen.

  • Hjå oss får du
    • årsløn frå kr 532 200 til 635 400 (lønstrinn 54 - 65) i stillingskode 1434 rådgjevar eller årsløn frå kr 604 900 til 732 300 (lønstrinn 62-73) stillingskode 1364 seniorrådgjevar  
    • vera med på eit viktig samfunnsoppdrag
    • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du svært gode vilkår kring pensjon, forsikring og bustadlån. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no  
    • fleksibel arbeidstid  
    • høve til å trene i arbeidstida og tilgang på styrkerom og gymsal
    • betalt lunsj
    • tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg

Om Brann- og redningsskulen 


Oppgåva til Brann- og redningsskulen er å utdanne det beste personellet til brann- og redningsvesen og naudmeldesentralar i landet. Me tilbyr eit breitt utval av kurs, blant anna i brann og redning, førebygging, naudalarm, oljevern og leiing. I januar opna me ei toårig fagskuleutdanning for dei som skal jobbe heiltid i beredskap, med førebyggande brannvern eller som operatør på ein naudmeldesentral for brann og redning. Brann- og redningsskulen er ein del av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). 

Me bygger nå opp eit solid fagmiljø ved skulen og er på utkikk etter kollegar med ulik kompetanse. Som tilsett hjå oss er det mange høve til kompetanseheving og fagleg utvikling i åra som kjem. 

Brann- og redningsskulen ligg i Tjeldsund kommune mellom Harstad og Narvik. Skulen tek kvart år imot 160 heiltidsstudentar og over 1 000 kursdeltakarar. Saman skal me bidra til at landets brann- og redningsvesen har mot til å tore, og kunnskap til å handle, når det verkeleg gjeld.